Er du bergtatt? Vis oss kvifor!

Har du vore på ein fjelltur som gav deg gåsehud? Ei naturoppleving som gav deg gnagsår til beinet eller hakeslepp? Fekk du forfrysningar eller berre frysningar? Endte turen med eit romantisk frieri eller var du på randen av utmatting? Kanskje var tippoldemor di på tur til seters og vart festa på film. Kanskje vart far din knipsa på sundagstur tungt lasta med ein unge bakpå ryggen og ein oppå nakken.

 

Norsk fjellsenter i Lom arbeider med ny hovudutstilling som får namnet Bergtatt. Det er jo det vi ofte blir, vi som er glade i fjellet: Bergtatt – og så fangar vi augneblinken med kamera. I utstillinga treng vi 1500 bilde frå dei norske fjella. Vil du bidra?

 

 

Norsk fjellsenter